Redusert kapasitet på ferja frå Lavik i morgon tidleg

DEL

Statens vegvesen melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Lavik klokka 05.30 måndag morgon.

Årsaka er transport av farleg last. Det er berre tillate med 12 passasjerar i tillegg til transporten med farleg last.

Artikkeltags