Gå til sidens hovedinnhold

28 tekne for fart i helga

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITI: Utrykkingspolitiet har i løpet av helga hatt fleire fartskontrollar.

Fredag hadde UP laserkontroll i ei 60-sone i Utvik på fylkesveg 60. Her fekk sju bilførarar forenkla førelegg. Høgste målte fart var 78 kilometer i timen.

Laurdag hadde UP både ruskontroll og laserkontroll. Dei sjekka 71 sjåførar på riksveg 15 ved Haugen i Eid kommune for rus. Der var alt OK.

Så greitt var det ikkje då dei hadde laserkontroll på Totland. Der skreiv dei ut ni forenkla førelegg. Høgste målte fart der var 100 kilometer i timen.

Søndag var UP ute og målte fart igjen. Då stod dei ved Skredestranda på riksveg 15 i Eid kommune. Kontrollen var i ei 80-sone, og dei skreiv ut 12 forenkla førelegg. Høgste målte fart var 105 kilometer i timen.

Kommentarer til denne saken