Slik er situasjonen på vegane i fylket

Artikkelen er over 3 år gammel

Tips oss med trafikksituasjonen der du er på 57 83 33 33 eller redaksjon@firda.no.

DEL

E16 Gudvangen - Trengereid: Redusert framkomst på grunn av flaum.

E16 Filefjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

E39 Ferjestrekninga Lavik - Oppedal: Redusert kapasitet. Rute C er innstilt og startar truleg ikkje opp att i dag.

E39 ved Dregebø på strekninga Vadheim-Sande: Stengt grunna ras. Opnar ikkje i dag.

Rv 52 Hemsedalsfjellet: kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Rv 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Vert ikkje opna i dag.

Fv 50 Hol - Aurland: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengt på kort varsel.

Fv 55 Tyin - Årdal: Kan bli stengt på kort varsel.

Fv 92 Vikøyri - Framfjord: Stengt grunna fare for ras. Ny vurdering laurdag klokka 10.

Fv 337 Hafslo - Veitastrand: Stengt grunna fare for ras. Ny vurdering laurdag klokka 10.

Fv 606 Ferjesambandet Krakhella - Rutledal: Ferjesambandet er innstilt. All trafikk til Losna ferjekai er innstilt i dag på grunn av uvêr.

Fv 609 Heilevang - Hestvika på strekninga Askvoll - Førde: Stengt grunna fare for ras. Vert ikkje opna i dag.

Fv 616 Ferjestrekningen Oldeide - Måløy, forbindelsesveg: Innstilt på grunn av uvêr.

Kjelde: Statens vegvesens trafikkmeldingar.

Artikkeltags