Melding om brann i Masfjordtunnelen på E39

Kablar i tunnelen tok fyr. Ingen blei skadde, melder politiet.

DEL

Politiet meld tysdag føremiddag like før klokka 10.00 om at dei hadde fått melding om brann i ein straumkabel i Masfjordtunnelen på E39 i Nordhordland, mellom Førde og Bergen.

Vegtrafikksentralen stengde tunnelen og naudetatane rykte ut til staden.

Klokka 10.06 sa operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt at det truleg ikkje var snakk om nokon brann likevel, men at dette førebels ikkje var hundre prosent stadfesta.

– Det ser ut som det berre handlar om noko arbeid som går føre seg i tunnelen, og at det ikkje er snakk om nokon brann, sa Hausvik.

Men etter at både brannvesen og politi hadde undersøkt tunnelen, melde politiet like før klokka 11.00 at det faktisk har vore brann i nokre kablar inne i tunnelen, men at brannen er sløkt.

Rundt klokka 11.30 var naudetatane ferdige på staden, og tunnelen var open igjen. Politiet melde då at det mest truleg var snakk om brann i ei skøyteleidning.

Eirik Rystad Skånøy, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, seier til BA at dei fekk melding frå ein bilist om at det gløda i ei leidning i tunnelen.

– Det er kortslutning i nokre elektriske kablar omtrent i midten av tunnelen. Det er ikkje meldt om at nokon har komme til skade, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Håkon Myking, til BA.

Vest politidistrikt melde først at det var snakk om Matrebergtunnelen. Dette viste seg å vere feil og at det var Masfjordtunnelen meldinga gjaldt.


Artikkeltags