Gå til sidens hovedinnhold

Lastebilsjåfør tatt med ulovleg, farleg last: Hadde 14.556 kilo etsande veske i bilen

Artikkelen er over 3 år gammel

Og det var ikkje det einaste som ikkje var på stell hos sjåføren som blei stoppa på E39 i Førde søndag.

Sjåføren hadde 14.556 kilo etsande veske i bilen. Det oppdaga Statens vegvesen under kontroll ved Førde trafikkstasjon på E39 i Førde søndag.

Sjåføren fekk bruksforbod og blir meld til politiet for ulovleg transport av farleg gods. Sjåføren mangla også kompetansebevis, hadde umerka køyretøy, utgått kontrolldato på brannslukkarar og mangla gods-spesifikt utstyr. Også transportøren blir meld til politiet.

Mangla utstyr

Til saman var 93 køyretøy innom kontrollplassen, og 32 av dei vart kontrollert nærare. 20 fekk skriftlege pålegg, og sju fekk bruksforbod, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Kontrollen gjekk føre seg frå klokka 15.30 til klokka 22.30 søndag.

Eit anna køyretøy fekk bruksforbod for å ikkje ha hatt med seg dokument for transport av farleg gods, og for å ikkje hatt med seg utstyr som er kravd ved slik transport.

Les også

Ein av hundre droppar belte

Melde til politiet

I tillegg fekk to førarar bruksforbod, og blir melde til politiet, for manglande førarrett på køyretøya dei køyrde, éin fekk bruksforbod på grunn av overlast, éin på grunn av mangelfull sikring av last og éin på grunn av dårleg sikt på førarplass.

I tillegg vart det gitt fleire skriftlege pålegg om å utbetre tekniske manglar, mellom anna feil ved bremser, lys og ei knust frontrute, opplyser Statens vegvesen.

Les også

Her er dei i gang med Førdepakken. No blir det stengingar på Steinavegen

 

Kommentarer til denne saken