Trafikkulykke på Utvikfjellet - bil velta over på sida

VELTA: Slik låg bilen i vegbana, før den vart fjerna av bilbergar.

VELTA: Slik låg bilen i vegbana, før den vart fjerna av bilbergar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: Bilen er no fjerna av bilbergar.

DEL

Naudetatane er på veg til ei trafikkulykke på Utvikfjellet, på nedkøyringa mot Byrkjelo.

Ulykka vart medlt av Vest politidistrikt klokka 11.10. Bilen ligg i vegbana, og har velta over på sida.

Mann i slutten av 20-åra involvert

Uhellet skal ha skjedd i ein u-sving, og det er passering i eitt av køyrefelta.

Det var ein person involvert i ulykka, og det var førar av bilen. Politiet melder at vedkommande er ein mann i slutten av 20-åra.

Det blir vidare meldt at airbagen i bilen han køyrde ikkje løyste ut, og at mannen har fått eit sår på ein arm etter ulykka. Det er ikkje meldt om lekkasje, melder politiet.

Bilen er fjerna og vegen er open

Vegen vart stengt i ein periode medan bilbergar som vart henta frå Byrkjelo fjerna bilen.

Bilen er no fjerna og trafikken går som normalt.

Politiet melder vidare at patruljen deira no avsluttar på staden, og at sak blir oppretta på forholdet.

Artikkeltags