Ni personar i trafikkulykke på Byrkjelo

ULYKKA: Totalt ni personar og tre bilar var involvert i kollisjonen på E39 ved Bergheimsvatnet i Gloppen fredag kveld.

ULYKKA: Totalt ni personar og tre bilar var involvert i kollisjonen på E39 ved Bergheimsvatnet i Gloppen fredag kveld. Foto:

Tre bilar var involvert i ein kraftig kollisjon på E39 på Byrkjelo fredag kveld. Åtte personar blei sende til sjukehus – ein av dei med luftambulanse.

DEL

Ulykka blei meld like før klokka 18.00. Tre bilar og totalt ni personar er involvert.

Politiet melde på eit tidspunkt at det var ti personar involvert, men politiets innsatsleiar på staden slår fast at det var ni involverte.

Politiets innsatsleiar på staden, Lars Henrik Gimmestad, seier klokka 19.10 at éin person er send med luftambulanse til sjukehus i Førde, sju personar er sende med vanleg ambulanse til sjukehuset i Førde og at éin person er send til legevakt på Sandane for sjekk.

Gudbrandsdølen Dagningen opplyser at fire av dei involverte er elevar frå NTG Lillehammer, som var på veg til skirenn på Jølster. Også ein lærar frå skulen var med i bilen.

– Vi fekk beskjed omtrent med det same ulykka hadde skjedd. Og ut ifrå dei opplysningane vi har, så har det etter forholda gått bra med alle saman, seier rektor ved NTG Lillehammer, Kjell Arne Steira til GD. Alle deira pårørande er varsla.


PÅ STADEN: Politiets innsatsleiar på staden, Lars Henrik Gimmestad, opplyser at det er snakk om ei møteulykke med ni personar involvert.

PÅ STADEN: Politiets innsatsleiar på staden, Lars Henrik Gimmestad, opplyser at det er snakk om ei møteulykke med ni personar involvert. Foto:

Etter ulykka låg ein av bilane på taket utanfor vegen i ei grøft mellom bilvegen og ein gang- og sykkelveg. Bil nummer to stod også i grøfta og hadde store skadar i fronten. Den tredje av bilane låg på sida opp etter eit tre.

Kollisjonen skjedde i ei 80-sone og alle dei tre bilane har store materielle skader.

– To av bilane har vore rundt. Ein ligg på taket, ein ligg på sida og ein er fullstendig knust i fronten, seier Gimmestad.

Ulykka har skjedd på ei rett strekke, like før Bergheimsvatnet. Det var svært glatt på staden.

– Det er klink is her. Eg hadde sjølv nok med å halde meg på beina då eg gjekk ut av bilen. Det er vanvitig glatt, seier Gimmestad.

Klokka 18.30 opplyste Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø at fem ambulansebilar og ein luftambulanse hadde rykt ut til staden.

– Det var ein kraftig kollisjon, seier Eide.

Alle køyretøya som var involvert var personbilar. Ulykka skal ha skjedd like etter Bergheimsvatnet, i retning Byrkjelo.

Politiet opplyste fredag kveld at ein av førarane har fått sleng på bilen og køyrd inn i to andre bilar. Ein førar i 20-åra har fått beslaglagt førarkortet.

Artikkeltags