Tre personar til sjukehus etter å ha køyrt i portstolpe

Tre personar var onsdag kveld involvert i eit trafikkuhell i Bygstad.

Tre personar var onsdag kveld involvert i eit trafikkuhell i Bygstad. Foto:

Alle tre er sende til sjukehus – føraren av bilen er frakta i luftambulanse.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein bil har hatt eit trafikkuhell i Bygstad onsdag kveld.

Det fortel operasjonsleiar Marianne Føleide til Firda klokka 17.40.

Politiet fekk meldinga klokka 17.23, og Føleide kunne ikkje seie så mykje om ulykka då Firda ringde.

– Vi har fått vite at det er ein bil involvert, og vår oppfatning då vi fekk meldinga, var at det var tre personar som var skadde i ulykka, seier Føleide.

Ho kan derimot ikkje seie noko om skadeomfanget.

Til sjukehus i luftambulanse

Klokka 17.59 fortel Føleide at føraren av bilen er frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse. Dei to andre i bilen er frakta i vanleg ambulanse.

Kolliderte i portstolpe

Ulykkesstaden er ved Eide like over Bygstad sentrum. Operasjonsleiaren fortel at bilen har kollidert i ein portstolpe. Airbagane i bilen har løyst ut, og bilen er så skadd at den ikkje er køyrande.

Bilen står utanfor vegen og hindrar ikkje trafikken. Bilbergar er derimot rekvirert.

– Politiet sin patrulje er no på staden. Dei melder at det er svært glatt på staden, seier Føleide.

Klokka 19.00 har politipatruljen reist frå staden, og operasjonsleiar Føleide fortel at bilberginga vil skje utan politiet tilstades.

Skadeomfanget på dei tre i bilen er framleis ukjent.

Artikkeltags