Varebil har køyrt i støypekant i Halbrendslia - brann og politi rykte ut

UTRYKKING: Både politi og brann rykte ut etter at det var komme melding om røyk frå ein varebil som hadde køyrt i ein støypekant.

UTRYKKING: Både politi og brann rykte ut etter at det var komme melding om røyk frå ein varebil som hadde køyrt i ein støypekant. Foto:

DEL

– Vi rykte ut til det som vi skildrar som ein trafikkhending i Halbrendslia i Førde. Det er snakk om ei singelulykke. Ein varebil har køyrt i ein støypekant. Det var meldt om røyk frå bilen, så derfor vart vi kalla ut, seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Florø.

Han seier det var falsk alarm. Det var varm kjøleveske som laga røyken.

– Vi fekk kopla frå straum i bilen så det i alle fall ikkje kan skje noko meir. Ingen vart skadde i ulykka, seier Korneliussen.

Klokka 21.30 var brannbilane på retur til Førde.

Artikkeltags