Nordfjordbåten snur i Askvoll, ordnar buss til Selje

DEL

Norled sin hurtigbåt mellom Bergen og Nordfjord gjer endringar i samband med uvêret på kysten.

Båten som gjekk frå Bergen klokka 08.00 i dag tidleg ligg no til kai i Askvoll. Den kom dit like før klokka 11, og vêrforholda vidare nordover vart vurderte til å vere så røffe at båten vart lagt i ro.

Norled opplyser at det vert arrangert bussamband mellom Askvoll og Selje.

Båten vil gå tilbake til Bergen i vanleg rute, altså med avgang frå Askvoll klokka 17.40. Den skal vere framme i Bergen klokka 20.45.

Trøbbel for båttrafikken

Norled melder at Nordfjordruta, altså hurtigbåten mellom Selje og Bergen, ikkje går innom Smørhamn på veg sørover i dag.

Båten gjekk frå Selje klokka 06.50 i dag tidleg. Den skal etter ruta vere framme i Bergen klokka 11.50.

Kystvegekspressen mellom Måløy og Florø er innstilt på grunn av dårleg vêr i dag.

Både ruta frå Florø klokka 08.30 og ruta frå Måløy klokka 10.20 er innstilte på grunn av dårleg vêr.

Artikkeltags