Datautstyr stole frå skule

Artikkelen er over 3 år gammel

SELJE: Politiet ønskjer tips.

DEL

Politiet i Vest politidistrikt ønskjer opplysningar etter eit grovt tjuveri ved Stadlandet skule.

Det er stole datautstyr i tidsrommet 08.04.17 til 10.04.17.

– Det er stolne nokre stasjonære PC-ar, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes til Firda.

Han fortel at datamaskinene er borttekne ved at det vart brote opp ei dør ved skulen.

– Tjuveriet vart meldt klokka 12.01, av ein lærar på skulen, seier operasjonsleiaren.

Om ein har tips i saka, kan politiet kontaktast på 02800.

Artikkeltags