Tine nedbemannar med nær ti prosent og kuttar 400 årsverk

Av
DEL

400 årsverk skal bort, og ingen delar av Tines verksemder blir skjerma. Leiinga gir heller ingen garanti for at meieri ikkje kan bli nedlagt.

Det betyr at alle støttefunksjonar, transport, hovudkontoret i Oslo og alle dei 34 meieria er på bordet når detaljane skal leggjast for kva for av dei 4.300 årsverka til selskapet som blir kutta innan utgangen av 2021.

– Det er ikkje klart kvar årsverka blir kutta, men vi har laga ein plan med fleire prosjekt som vi skal drøfte med dei tillitsvalde, seier konsernsjef Gunnar Hovland i Tine.

Drøftingsmøta startar 19. september.


Artikkeltags