– Telenor må følgje opp koparnett-kundane

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Telenor skal modernisere tenestene og vil fase ut koparnettet innan utgangen av 2022. No ber Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om at Telenor informerer og følgjer opp kundane sine.

DEL

Fredag sende Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) brev til Telenor med oppmoding om å informere kundane om rettigheiter og løysingar med omsyn til utfasinga av koparnettet. Alle husstandar som har telefonteneste over koparlinja og mistar tenesta, skal sikrast ei alternativ teneste som følgje av Telenors plikt til å levere taletenester, står det i ei pressemelding frå Regjeringa.

– Det er viktig at kundane som har breiband over koparnettet, og ikkje har eit alternativ på marknaden, skal bli godt hjelpte av Telenor. Telenors plikt til å levere taletenester vil føre til at mange også vil kunne få gode breibandtenester. Eg er glad for at Nkom er tydeleg overfor Telenor, og vil følgje denne situasjonen nøye, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Telenor informerte nyleg om at feil på koparnettet ikkje vil bli retta etter 1. mai.

Artikkeltags