Telenor-kundar opplever nettproblem

– Vi undersøker saka, opplyser teleselskapet.

DEL

Fredag ettermiddag har Telenor fått fleire meldingar frå kundar om at dei ikkje kjem seg på nett.

Det skal også vere problem med å nå selskapet på telefon.

– Vi undersøker saka og kjem tilbake med informasjon fortløpande, opplyser Telenor på Facebook.

Klokka 13.15 skriv Telenor følgjande:

– For mobilkundane våre kan problemet løysast ved å slå på flymodus i meir enn 5 sekund, for deretter å slå av flymodus igjen.

Artikkeltags