Telenor: – Vi veit vi har eit problem, men årsaka er uviss

Artikkelen er over 1 år gammel

MOBILNETT: Telenor hadde problem med SMS og BankID torsdag.

DEL

Telenor stadfestar torsdag at fleire kundar har problem med å sende tekstmeldingar.

– Vi veit førebels ikkje kva som er årsaka til problemet, seier informasjonssjef i Telenor, Magnus Line til Firda.

Sidan BankID er ein teksmeldingsteneste, er det også problem å bruke denne tenesta på mobil torsdag, og etter det Firda kjenner til gjeld problema også i Sogn og Fjordane.

Til dømes melder Sparebanken Sogn og Fjordane om problem med BankID.

BankID på Mobil er for tida ustabil. Feilretting pågår. Vi beklagar ulempene dette kan medføre, skriv dei på sine nettsider.

Telenor blei kjend med problemet i 13.00-tida torsdag ettermiddag. Line kan endå ikkje sei noko om når dei forventar at tenesta er tilbake i normal drift.

– Vi har teknikarar på saka som jobbar for å kartlegge problema, fortel han.

Artikkeltags