Endeleg har dei òg mobildekning

No har Hellevik fått skikkeleg mobildekning. – Det er heilt fantastisk, eg er så glad! Men det skulle jo eigentleg berre mangle, seier Anne Hopland.

No har Hellevik fått skikkeleg mobildekning. – Det er heilt fantastisk, eg er så glad! Men det skulle jo eigentleg berre mangle, seier Anne Hopland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Hellevik i Fjaler har fått opp mobilmast frå Telenor.

DEL

– Det er heilt fantastisk, eg er så glad! Men det skulle jo eigentleg berre mangle, seier Anne Hopland.

Sidan 2010 har ho budd på eit gardsbruk på Lone i Hellevik. Og sidan 2012 har det gått rykte om at dei skulle få mobildekning. I går vart ønsket oppfylt: Telenor monterte mobilmast.

– Det har vore ein lang prosess, vi har vore lova det lenge – og no endeleg har vi full dekning.

Hopland var på arbeid i Dale då ho fekk høyre nyhendet frå naboen sin. Ho kunne nesten ikkje tru det, og la ut ei melding på Hellevik Grendelag si Facebook-side for å spreie det vidare og sikre seg om at det var sant.

Les også: 120 utan mobilsignal i årevis

Ein ny kvardag

Før 21. desember i år var mobildekninga heime hjå Hopland bortimot ikkje-eksisterande.

– Det var slik at ein måtte sitte i riktig sete i sofaen for å få kontakt. I det siste har det vore heilt forferdeleg, fortel ho, og legg til at utan mobildekning så får ein ikkje hjelp om ein skulle trenge det.

Med ein kvardag utan mobildekning, har fasttelefonen vore særdeles viktig. Likevel vil det bli heilt avgjerande å kunne ha kontakt med omverda frå mobiltelefon.

– Berre det å kunne sende bilde og tekstmeldingar er supert. Det er så viktig, anten det gjeld jobb eller fritid.

Alt blir vanskeleg utan mobildekning: Å lage avtalar, jobbe heime, bestille ting. Mannen til Anne arbeider heime på garden, og for han og andre næringsdrivande har det nok vore ekstra utfordrande og tungvint utan dekning.

– For eksempel når det skjer noko med dyra og vi treng dyrlege. Då er det att og fram for å finne ein strek. Vi har og robot i fjøsen og den brukar mobilnettet til å sende melding når den stoppar. Ofte får vi ikkje beskjed. Enkelte gonger har det vore heilt håplaust. Med mobildekning får vi ein heilt annan kvardag, seier Anne.

No er ho spent på kor mange som har fått mobildekning og kor langt mobilmasta rekker. Radiusen er berre nokre kilometer.

Alle burde ha dekning

Sjølv om Anne er sjeleglad for å ha fått mobildekning, og kallar det ei julegåve frå Telenor, kommunen og fylkeskommunen, synest ho det er på sin plass i dagens samfunn.

– Det skulle berre mangle at vi ikkje har mobildekning i Norge i 2015. Austlendingane klagar over å ikkje ha 4G på hytta, medan vi i små krikar og krokar i landet ikkje har mobildekning heime ein gong. No må dei berre fortsette å sette opp mobilmaster i dei lommene der dei ikkje har fått.

Artikkeltags