No blir det enklare å skrive nynorsk på telefonen

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag er nøgd med nynorsktastaturet til Swiftkey-appen.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag er nøgd med nynorsktastaturet til Swiftkey-appen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TEKNOLOGI: Har du slite med å få orda dine automatisk «retta» til bokmål? No kjem løysinga.

DEL

– Eg irriterer meg dagleg over at telefonen tek tak i deg og vil ha deg til å bli bokmålsbrukar.

Det seier Magne Aasbrenn, leiar for Noregs Mållag. Men no slepp han å irritere seg meir.

«Rettar» til bokmål

Etter eit samarbeid med Noregs Mållag kjem SwiftKey-tastaturet på nynorsk den 21. juli. Denne oppdateringa kjem i første omgang til Android-telefonar.

For dei som ikkje kjenner til denne appen, er det eit tastatur som visstnok tilpassar seg skrivestilen til brukaren. Når du har brukt tastaturet ei stund, foreslår det kva du kjem til å skrive, berre etter nokre bokstavar.

Fram til no har nynorskbrukarar måtte ta til takke med at enkelte ord blir «retta» til bokmål, før telefonen til slutt lærer brukaren sin preferanse.

– Det tek lang tid å lære telefonen at det er nynorsk eg vil bruke som språk, så det er irriterande at det ligg språkdiskriminering innlagt i telefonen, seier Aasbrenn.

Men no skal altså ord som «ikkje» og «moglegheit» gå rett inn frå første stund.

Kom Mållaget i forkjøpet

Det er Erik Grov ved Noregs Mållag som har vore mest deltakande i utviklinga av nynorsktastaturet. Han blei med etter at SwiftKey kontakta Mållaget for litt over ein månad sidan. Grov var sjølv SwiftKey-brukar og hadde tenkt å kontakte selskapet for å høyre om det var mogleg å få til ei nynorsk-innstilling på tastaturet deira. Men Swiftkey kom han i forkjøpet:

– Det var dei som tok kontakt med oss, faktisk. Då var utviklaren hos SwiftKey allereie komme ganske langt med å lage den nye nynorskordlista. Han ville at vi skulle sjå over det før dei lanserte den, seier Grov

Det meste var allereie gjort og Grov såg ingen openberre feil.

– Første gong eg testa den var det heilt fantastisk å kunne skrive «usemje» og andre litt arkaiske nynorskord, og sjå at dei gjekk rett inn.

Må gjere nynorsk mobilt

Aasbrenn meiner det er viktig at nynorsk får ein plass på mobile einingar:

– Når det gjelder nynorsken er det ein del ting som har komme til PC etter kvart. Til dømes får du Facebook på nynorsk no, men mobilappen får du berre på bokmål. Det er veldig viktig at nynorsken kjem inn i alle mobile einingar. Mesteparten av dagens kommunikasjon går via mobil, så eg er veldig glad for at nynorsk har blitt plukka opp av SwiftKey, og eg håpar andre kjem etter.

Artikkeltags