Teater på Vestlandet byter namn

Av

Både Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater byter namn i oktober.

DEL

Frå oktober byter Hordaland Teater namn til Det vestnorske Teateret, medan Sogn og Fjordane Teater frå nyttår blir til Teater Vestland.

Bakgrunnen for namneendringa er at Hordaland fylke og Sogn og Fjordane fylke frå nyttår blir slegne saman til Vestland fylke, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Teater.

Ifylgje NRK blir Det vestnorske Teateret eit stasjonært teater på Logen i Bergen, medan Teater Vestland blir eit turneteater for heile det nye storfylket.


Artikkeltags