Dei unge treng at vi ser dei, og står opp for dei

Av
DEL

MeiningarI helga vil Førde kommune flagge med Pride-flagget for tredje året på rad. Flagget står for stoltheit og mangfald hos homofile, bifile og transpersonar, men òg for respekt for medmenneske og toleranse.

Tidlegare år har vi flagga med regnbogeflagget i samband med Førdefestivalen, men i år flaggar vi under Pride-festivalen som blir arrangert her i Førde. Når vi heiser Pride-flagget i år, er det derfor òg med ei respektfull helsing til dei som står bak det første Pride-arrangementet her i fylket, og dertil ei velkomsthelsing til alle som kjem til å vere med på SoFjo Pride. Velkomen til Førde alle saman!

I år er det 50 år sidan dei første Pride-markeringane. Arbeidet og kampen for rettane og verdiane Pride står for har fått større og større støtte, og Pride blir nå arrangert over heile verda. Samstundes har Pride sitt bodskap vunne meir og meir forståing og respekt, og dei fleste stader er ikkje Pride lenger noko kontroversielt. Trass dette er det dessverre slik at t.d. mange unge framleis opplever det som vanskeleg å stå fram for skulekameratar og foreldra sine, og som ikkje torer å vere seg sjølv fullt og heilt. Desse unge – og alle andre – treng at vi ser dei, og at vi alle står opp for retten alle har til å leve sine eige liv. Det handlar om å stå opp for heilt sentrale menneskerettar.

Kommunen vår, og nye Sunnfjord kommune, skal vere ein god stad å bu, leve og arbeide i for alle, uavhengig av legning eller kjønnsidentitet. Vi treng dykk alle, og dette er òg ein av grunnane til at vi flaggar med regnbogeflagget til helga.

Eg ønskjer alle til lykke med SoFjo Pride, og er sikker på at arrangementet kjem til å bli vellykka på alle måtar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags