Styreleiar i SFE: – Thore Johnsen, du tek feil!

LOKAL EIGARSKAP: Per Atle Kjøllesdal, styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, meiner både utbygginga i Østerbø og Jølstra er døme på fordelar av lokal og aktiv eigarskap.

LOKAL EIGARSKAP: Per Atle Kjøllesdal, styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, meiner både utbygginga i Østerbø og Jølstra er døme på fordelar av lokal og aktiv eigarskap. Foto:

Av
DEL

MeiningarVi er usamde i at kommunalt og fylkeskommunalt eigarskap svekkjer Sogn og Fjordane Energi. Vår erfaring er snarare det motsette.

Offentleg eigarskap i kraftsektoren er regelen heller enn unntaket. Det har vore eit politisk val at dei store vasskraftressursane skal vere i fellesskapen sitt eige. Dette er i stor grad regulert gjennom norsk lovverk.

Eg meiner Thore Johnsen, ved handelshøgskulen i Bergen, bommar i si åtvaring til fylkeskommunen. Han brukar mykje spalteplass på å fortelje at å la kommunane i området ta over eigarskapen til verdiane i SFE, vil svekkje SFE som selskap.

Vi er direkte usamde i at modellen fylkeskommunen legg opp til vil vere uheldig. Å halde seg til eit felles holdingselskap, er både ryddigare og lettare for selskapet, enn om vi må halde oss til 26 ulike kommunar. Ein slik struktur vil òg gjere det enklare å eventuelt skaffe kapital til framtidige, store nyinvesteringar.

Vi har sett at kommunar og fylkeskommunar ønskjer lokal offentleg eigarskap over fornybare ressursar. Dette har vore med på å sikre verdiskaping og arbeidsplassar i kommunane. I tillegg har det gjeve inntekter i kommunekassa. Dette respekterer vi som energiselskap.

Det er mange døme på korleis eigarskapen har vore utøvd av kommunane, men våre erfaringar er positive. Sjå berre på då SFE gjekk til kommunane for å be om pengar til å realisere nye prosjekt for to år sidan. Då stilte både fylkeskommunen og kommunane opp med midlar. Her er eksempelet som Thore Johnsen peikar på, utbygginga i Østerbø, eit døme på at vi har aktive eigarar.

Dei same eigarane har òg samtykt i redusert utbytte i år med særs høge investeringar. BKK var mot dette. Korkje Østerbø eller Jølstra hadde vorte bygde utan. Denne velviljen gjev grunnlag for høgare utbytte og verdistigning seinare. Resultatet vert tydeleg om vi ser på samla avkasting frå BKK, SE og SFE dei siste 15 åra.

Medan BKK-aksjar har gjeve ei avkasting på 150 prosent, har SE-aksjar gjeve 175 prosent og SFE-aksjar har gjeve 200 prosent avkasting.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags