– Ingen har vore i stand til å vise at meir straum i leidningane gjev mindre loge av fossilbålet

Vindmøller på Smøla.
Foto: Viggo Jordahl / SV

Vindmøller på Smøla. Foto: Viggo Jordahl / SV Foto:

Av
DEL

Meiningar

For ei tid sidan fortalde Firda at ordførarane i Askvoll, Høyanger og Gaular er meir positive til vindkraft enn dei politiske leiarane i Gulen og Hyllestad. Dei positive meiner straum frå vinden vil vere bra for klimaet og det grøne skiftet. 

Dette skiftet snakkar mange om, men kva det går ut på, er i det blå. For tida tener uttrykket som reklame og agitasjon for endå meir vindkraft. Nokre hevdar at vi må ofre noko natur for å berge klimaet. Dei seier at fleire vindvengjer i sving vil dempe utsleppa til lufta over oss. Noko slikt har ingen sett i praksis. Tanken er sikkert godt meint, men han er dårleg fundert. Ingen har vore i stand til å vise at meir straum i leidningane gjev mindre loge av fossilbålet. Ikkje ein gong i Tyskland, som har 30.000 vindturbinar, har vindkrafta dempa avgassane som stig til vêrs.

Straumen frå dei mange turbinane har så vidt passert tre prosent av det tyske energiforbruket. Stort meir vert det heller ikkje, protestane er for store. Tyskarane har for alvor reagert, med demonstrasjonar og rettssaker. Mange har fått helseplager av turbinane, ungar får ikkje sove om natta av støyen. I landskapet roterer vengjene som svirrande piggtråd. Livet rundt dei vert til inkjes. Dei som sit på nye planar, klagar over slikt heft, men har møtt si overmakt.   

Lenge var den folkelege motstanden hos oss nølande – så lenge det var langt mellom turbinane. Den tida er over. Over heile landet reiser folk seg til kringvern om sine heimetrakter og turområde. Dei samlar seg i flokkar under plakatar med nei på. Dei set seg framfor gravemaskinene. Dei vil ikkje sjå barndommens landskap som krigsherja vidder. Utmarka dei vaks opp med, er ein kjær grunn til at dei bur der. Landskapet er ein del av heimen. Folk som held lys i husa i grisgrendte strok, vil ha fjella mellom seg og himmelen uforstyrra, utan at kvasse turbinar skjer dei i augo kvar dag dei vaknar. Heia skal vere for mose og lyng og fuglar – til varig glede for menneska. Bygdene har turfolket i byen på si side. Det norske folk er eit folk på tur, og på tur vil folket vekk frå støy og moderne forstyrringar. I friluft vil folk møte naturen uforstyrra, ikkje knust av dynamitt. 

Protestane verkar. No seier kommunestyra, det eine etter det andre, blankt nei til utbyggingsplanane. Fleire store aviser manar til måtehald. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har stansa all handtering av konsesjonssøknader til dess ein nasjonal rammeplan for vindkraft er vedteken. 1. april kom NVE med eit utkast til ein slik plan. Så langt har dokumentet først og fremst tent glød i motstanden. Dei som snakkar om vindkraft med små skadar, har ikkje eit einaste slikt tilfelle å vise til.

Vindkraftselskapa betaler berre ein tredel av den skatten som vasskraftverka må ut med. Samfunnet og folket sit att med lite for å la utbyggjarane sleppe til og i stor grad gjere akkurat som dei vil. Dei får privatisere vidder som alle kan gjere seg nytte og glede av. Vindkraft tek allmenningen frå folk. I tillegg har alle straumabonnentane ei vesentleg høgre nettleige i vente dersom kraftlinene må bli større og fleire fordi meir ustabil vindkraft skal inn på dei. Utslaga vert størst i grisgrendte strok. 140 milliardar kroner har norske nettselskap rekna ut at dei må investere dersom vindkraftutbygginga tek av – 58 000 kroner for kvar einaste husstand. Vindkraftverka betaler berre småtteri av denne kostnaden, og ingen får betre forsyning av pengane. 

For mange skurrar det nok òg at utanlandske finansfolk får herredøme over krafta som dei hentar på lag gratis, om lag som dei hadde det i koloniane. München har vedteke å klare seg utan fossil energi. Men delstaten Bayern, som München ligg i, har forbod mot vindturbinar. Den ambisiøse byen har difor kjøpt seg til å eige norsk vindkraft – i Finnmark og Trøndelag. 

Mange veit òg at kraft har vårt land rikeleg av, med ein årleg eksport som er 10–12 gonger det mange ein gong hadde lyst å få ut av Gaularvassdraget.    

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags