Gå til sidens hovedinnhold

Kven har vikeplikt her? Svaret vil kanskje overraske deg

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Her er reglane som gjeld når syklistane beveger seg i gangfelt.

Det er ein utbreidd myte at det ikkje er lov å sykle over eit gangfelt.

– Det er lov å sykle over gangfelt, eller fotgjengarfelt som det ofte vert omtala som. Føresetnaden er at gangtrafikken er liten og syklinga ikkje medfører fare eller er til hinder for gåande, seier Morgan Andersson, generalsekretær i Syklistenes Landsforening (SLF) til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Han viser til trafikkreglane sin paragraf 18, tredje ledd om at ved passering av gåande må slik sykling «skje i god avstand og i tilnærmet gangfart».

– Det er i den same paragrafen det vert vist til at syklinga ikkje skal vere til «fare eller hinder for gående», legg Andersson til.

Les også

Slik syklar du trygt i trafikken

 

Utover omsynet til gåande er det nokre hugsereglar som er spesielt viktige, påpeikar Andersson.

  • Syklistar som syklar ned frå fortau og ut i vegen, har alltid vikeplikt for kryssande trafikk på vegen, uavhengig av om det er gangfelt der eller ikkje.
     
  • Lysregulering for fotgjengarar har inga juridisk betydning for syklande. Syklar du over gangfelt, har du vikeplikt for kryssande trafikk uavhengig av om lyset er grønt eller raudt. Dette betyr samstundes at ein har lov til å sykle på «raud mann» – slik ein også har lov til å gå på raud mann – om det er ikkje er kryssande trafikk som utløyser vikeplikta.
     
  • Om den syklande går av sykkelen før gangfeltet, vert syklisten definert som gåande, og bilistane får vikeplikt – gitt at det ikkje er lysregulert og «fotgjengarlyset» er raudt.
     

Reglane for sykling over gangfelt kan til dels vere krevjande for folk å skjønne, peiker Andersson på, og veldig ofte er det samspelet mellom trafikantane som avgjer kven som skal vike, og ikkje trafikkreglane.

Det er mange som ikkje kan reglane for vikeplikt når det gjeld syklistar. I ei undersøking frå Statens vegvesen kjem det fram at berre fire av ti som syklar jamleg i trafikken, tykkjer dette er enkelt å forstå.

Det hjelper heller ikkje at mange veganlegg er feil forma ut.

– Vi må hugse på at reglene må vere enkle å forstå for ei stor gruppe trafikantar, mellom anna barn utan køyreopplæring, påpeiker Andersson.
 

Vegvesenet skriv sjølv i ein rapport at «trafikantene har svært mangelfull kunnskap om vikepliktsreglene i kryss mellom gang- og sykkelveg og kjøreveg og trafikantenes åtferd er generelt i strid med regelverket. […] Vikepliktsregelverket bør enten endres eller konsekvent tydeliggjøres gjennom nye former for skilt og oppmerking» (Statens vegvesen, 2012).

Dei uklare reglane krev mange offer kvart år, påpeiker Andersson.

– No kan vi ikkje vente lenger – det er tid for handling. SLF har teke til orde for at det vert nedsett ei brei samansett, uavhengig gruppe som gjennomgår vikepliktsregelverket for syklistar og fremjar dei endringsforslaga som det krev for å skape et tryggare trafikkmiljø for både syklande, gåande og køyrande, seier Morgan Andersson. (ANB)

Les også

Trafikklærar: – Ulykka kunne vore unngått

 

Kommentarer til denne saken