DNB åtvarar mot svindel på Finn.no

Av

Ein ny DNB-rapport viser at talet på bedrageriforsøk mot banken og kundane deira auka med 23 prosent frå 2018 til 2019. Banken oppdagar stadig nye metodar.

DEL

I alt handterte DNBs Financial Cyber Crime Center (FC3), som jobbar med å forhindre svindel, 4042 svindelforsøk i 2019. Av desse vart 89 svindelforsøk meldt til politiet.

Nettavisen skriv at det seinast denne veka vart oppdaga ein ny type svindelforsøk. Det er eit såkalla phishingangrep via Finn.no, der offeret som regel blir kontakta via ein e-post, der avsendaren verkar som ei reell verksemd, til dømes ein bank.

– Viss du trykkjer på søknadslenka på Finn.no, hamnar du på ein phishing-side. Då får du vite at søknaden skjer i samarbeid med DNB, og der du må gi opp fødselsnummer og BankID. Då stel phishing-sida din BankID under dekke av å vere eit ekte firma, seier svindeljeger Terje Fjeldvær i DNB til Nettavisen.

Det siste året har òg talet på investeringsbedrageri som banken har oppdaga auka med 125 prosent. Her blir folk lurt til å overføre pengar i den tru at dei gjer investeringar som skal gi avkasting, men som ikkje er reelle.

– Etter den første investeringa får dei kontakt med seljarar som overtaler dei til å kjøpe meir. Seljarane er hyggelege folk som gjennom telefonsamtalar manipulerer folk til å investere meir, men kundane hamnar inn i eit mønster der dei handlar meir og meir. I nokre tilfelle tar dei opp forbrukslån for å finansiere investeringane, seier svindeljegeren.

Artikkeltags