Ikkje svar på denne

IKKJE SVAR: Denne eposten kjem ikkje frå Enivest.

IKKJE SVAR: Denne eposten kjem ikkje frå Enivest. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SVINDEL: – Dette er ikkje ein konkurranse initiert av Enivest, men forsøk på svindel.

DEL

Det skriv Enivest på sine nettsider.

– Eg er imponert over at dei har fått med seg den nye Enivest-profilen. Dei har gjort eit godt stykke arbeid, men teksten er avslørande, seier Margrete Lunde i Enivest. Ho viser mellom anna til ordet «Ufornøyd» som ikkje står i ordboka.

I løpet av dagen har ho fått beskjed frå fleire årvakne Enivest-kundar som har blitt forsøkt svindla. Dei har fått opp ei melding i nettlesaren, der dei får tilbod om å seie kor nøgde dei er med Enivest. Dei som svarar blir lokka med å få ein ny iPhone.

– Dette skjer nok både oss og andre. Svindlarane sjekkar ip-adressa, og ut frå det veit dei kva leverandør kunden har og legger på tekst og bilde som passar, seier Stig Myrmel.

Enivest minner kundane sine om at dei aldri ber om kontonummer eller kortinformasjon. Selskapet oppmodar alle som mottar den falske spørjeundersøkinga om å lukke den utan å trykke seg vidare. Kor mange som har gått i fella, veit dei ikkje.

– Dei som har kontakta oss har ringt for å informere om eit tilbod som er for godt til å vere sant, kor mange som har gått på veit eg ikkje, men dessverre brukar det å vere nokon, seier Lunde.

Artikkeltags