Åtvarar mot kjærleikssvindel i jula: – Det er utruleg trist når dette skjer

Forbrukerøkonom i Nordea, Elin Reitan, advarer mot mer svindel i julen og nye svindelmetoder.

Forbrukerøkonom i Nordea, Elin Reitan, advarer mot mer svindel i julen og nye svindelmetoder. Foto:

Av

SVINDEL: Forbrukarøkonom åtvarar: Kjærleikssvindel aukar i juletida og svindlarane har tatt i bruk nye metodar.

DEL

[Nettavisen] Forbrukarøkonom Elin Reitan i Nordea seier at banken opplever ein auke i talet på personar som blir lurt til å betale eller overføre pengar til personar dei trur er følelsesmessig engasjert i dei. 

– Jula er ei høgtid der det er mykje fokus på å bruke tid med dei næraste og dei ein er glad i. Har du få nære relasjonar er det lett å søke seg til den digitale verda for å knyte band og kjennskap. Eg trur også mange av dei som ikkje har funne den store kjærleiken endå kjenner litt ekstra på dette i julehøgtida. Då bli dei fort eit lett bytte for kjærleikssvindlarar som veit å utnytte folks svake sider.

– Forutan at vi opplever ein auke i talet på tilfelle av denne typen svindel ser vi konturane av to nye trendar innan kjærleikssvindel, seier Reitan.

Fysiske møter

Personar som har blitt svindla fortel at dei no faktisk har møtt personen dei blir svindla av.

– Det kan verke som om svindelnettverka har oppretta funksjonelle einingar rundt om i verda slik at det lett kan organiserast møter, med det offeret trur er personen dei har kommunisert med via nett, på kort tid i nærleiken av der offeret oppheld seg. På denne måten er det lettare å halde svindelen i gang, samt fortsette å tappe offeret for pengar, seier ho.

Mottakaren er endra

Ein annan trend er at pengane som blir overført frå offer til svindlar, oftare går til bedrifter framfor privatpersonar.

– Det er grunn til å tru at svindlarane tenker at det blir vanskelegare å avsløre svindelen når pengar blir overført til ein organisasjon framfor ein enkeltperson.

Reitan seier at alle bankane har personar og avdelingar som overvaker mellom anna transaksjonar, for å sjå til at kundar ikkje blir lurt og at kvitvaskingsreglar blir overheldt.

– Eg ønsker ikkje å avsløre våre arbeidsmetodar for det kan hjelpe svindlarane, seier ho.

– Det viktige for oss er å åtvare, for det er utruleg trist når dette skjer. Kven som helst kan bli svindla, og det er viktig å understreke. Det skjer ikkje berre godtruande folk som ikkje forstår sitt eige beste. Her er det mange tragiske skjebnar, seier Reitan.

Artikkeltags