Åtvarer om falsk bompenge-sms

DEL

Autopass melde torsdag på sine nettsider at fleire kundar har fått ei tekstmelding frå eit selskap som kallar seg «Bompengeavgift». Der står det at dei manglar betaling av avgift for bompassering.

– Dette er forsøk på svindel, åtvarar Autopass.

Dei ber folk som får denne meldinga om å slette den, og ikkje trykk på lenka. Dei minner at om at Autopass-kundar finn passeringsoversikta si på Min Side.

Samtidig opplyser Datahjelperne at det ikkje er vanleg praksis at slike meldingar kjem på SMS, men at dei gjerne kjem på e-post eller i posten. I SMS-ane har svindlarane søkt opp namnet til dei som får SMS, truleg i forsøk på å verke meir truverdige.


SVINDEL: Fått ei slik melding? Slett den - og ikkje trykk på lenka.

SVINDEL: Fått ei slik melding? Slett den - og ikkje trykk på lenka. Foto:

Artikkeltags