Mann oppførte seg truande og prøvde å slå personar på fest

DEL

Klokka 00.20 i natt fekk politiet melding om ein mann som oppførte seg truande på ein privat fest i Svelgen. Mannen skal ha prøvd å slå til fleire festdeltakarar.

– Andre gjester hadde kontroll på mannen til politiet kom til staden, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Mannen skal vere ein mann i 30-åra, medan den fornærma er i 20-åra, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

– Vi har oppretta sak. Mannen er mistenkt for ordensuro og kroppskrenkelse, seier Rebnord.

Mannen blei tatt inn av politiet. Det var ingen som blei skada på festen.

Artikkeltags