Utanlandsk trailer står fast nær Svelgen

STOD FAST: Traileren måtte legge om til kjettingar.

STOD FAST: Traileren måtte legge om til kjettingar. Foto:

BREMANGER: Trafikk kan passere på staden.

DEL

Ein lokal politipatrulje er på veg til vegstrekninga ovanfor Svelgen, etter meldingar om at ein utanlandsk trailer står fast på vegen. Hendinga vart meldt klokka 10.54.

Det skal vere mogleg å passere på staden, ifølgje politiet.

Patruljen som har vore på staden melder at køyretøyet har gode vinterdekk, men at det blir jobba med å legge på kjettingar. Det er difor ikkje behov for bilberging. Patruljen på staden melder at vegbana er svært glatt. Vegmeldingssentralen skal vere varsla med tanke på strøing.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, fortel til Firda klokka 12.12 at traileren framleis står på staden.

Det står bra til med både bilen og føraren, og det blir ingen politimelding.

Artikkeltags