100 husstandar er framleis utan straum: – Vi ser alvorleg på dette

Uvêret har ført til at fleire har mista både straum, mobildekning og internett.

DEL

– No er det ca. 106 personar som manglar straum, seier Arne Tefre, leiar for forvaltning i Sunnfjord Energi kl. 21.05.

Han trur at fleire vil få tilbake straumen i løpet av kvelden.

Grunna ras og problem med å få rett matriell og personell over til austsida av Jølstravatnet, vert feil på linje mellom Strand og Sandal på sørsida av Jølstravatnet ikkje reparert på onsdag, skriv Sunnfjord Energi på heimesida si.

Klokka 08.35 onsdagsmorgon var 600 kundar utan straum i området rundt Vassenden og Skei som følge av vêret og jordraset, melde Sunnfjord Energi.

Tidlegare i dag sa Tefre at beredskapsorganisasjonen til Sunnfjord Energi hadde utfordringar med å kome seg inn i området.

– Vi prøver så godt vi kan, men det er mange område vi ikkje får lov til å gå i, og andre område der det er vanskeleg å kome inn med utstyr. Vi har prøvd å fly helikopter over områda vi ikkje får kome inn i, for å sjå om vi ser feila. Sikkerheit kjem først, og då er det ikkje så mykje vi får gjort, sa Tefre.

Artikkeltags