Naudetatane rykte ut til ulykke ved Haukåvatnet

DEL

Naudetatane rykte torsdag kveld ut etter melding om ei trafikkulykke på fylkesveg 614 ved Haukåvatnet i Norddalstunnelen i Flora kommune. Det melde Vest politidistrikt klokka 20.30. Politiet melde samtidig at det var éin bil og éin person involvert i ulykka.

– Skal ha køyrt av vegen. Føraren er ute av bilen. Ukjent skadeomfang, melde politiet.

– Vi har førebels ikkje fleire opplysningar, men køyrer dit for å undersøke, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt klokka 20.40.

Like etter melde politiet at naudetatane var framme på staden.

– Eit mindre uhell. Mindre skadar på bilen. Førar står fram som uskadd, opplyser politiet. Dei melde samtidig om at det ikkje var trafikale problem på staden.

Artikkeltags