Utsikten på Gaularfjellet manglar mobildekning

INGEN DEKNING: Ingen får posta bilete frå utsikta på Gaularfjellet på sosiale medium på direkten. Det kan det bli ei endring på til neste år, håper Sunnfjord Utvikling og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

INGEN DEKNING: Ingen får posta bilete frå utsikta på Gaularfjellet på sosiale medium på direkten. Det kan det bli ei endring på til neste år, håper Sunnfjord Utvikling og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto:

Av

Utsiktsplattforma på Gaularfjellet kosta 20 millionar kroner, men tre år etter opninga er ho framleis utan mobildekning.

DEL

Dermed får ikkje ivrige turistar delt den spektakulære opplevinga med omverda via sosiale medium, slik mange gjer. Dei kan heller ikkje ringje etter hjelp, om noko skulle skje.

Sunnfjord Utvikling og Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore klar over problemet – og ein smule frustrerte. Der ønskjer dei at fleire turistar skal leggje turen om den nasjonale turistvegen, men utan mobildekning blir det tynt med gratisreklame.

– Slike spektakulære punkt blir populære ved at bilde blir spreidde og innlegg laga på sosiale medium. Må du lagre eit bilde, er det stor sjanse for at det aldri blir gjort noko med det, seier nærings- og kulturdirektør Jan Heggheim i fylkeskommunen til NRK.

No håper Sunnfjord Utvikling og fylkeskommunen at eit trådlaust nett kan vere på plass til neste år. Føresetnaden er at finansieringa kjem på plass gjennom eit spleiselag med Balestrand kommune, Telenor, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi og andre aktørar. Prosjektet har ei kostnadsramme på 1,5 millionar kroner.

Artikkeltags