Boshentinga sikra ut veka

PROBLEM: Leiinga i Sunnfjord Miljøverk set alt inn på å unngå stogg i boshentinga.

PROBLEM: Leiinga i Sunnfjord Miljøverk set alt inn på å unngå stogg i boshentinga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MILJØ: Boset vil bli henta som normalt i Sunnfjord Miljøverks nedslagsfelt fram til fredag. Deretter trur leiinga i miljøverket det skal la seg gjere å finne ei vidare løysing.

DEL

Det seier styreleiar Oddmund Klakegg og dagleg leiar Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk (SUM) til Firda. Konkursen i selskapet Reno Norden, som eig og driv bilane som hentar boset for SUM, vil i alle fall på kort sikt ikkje føre til problem for renovasjonskundane i kommunane miljøverket dekkjer.

Styreleiar Klakegg håpar at ein innan fredag skal ha funne ei løysing også for tida framover. Han har god tru på at dette skal lukkast.

– Bilane skal ha diesel, det skal betalast ferjebillettar og dei tilsette skal ha utbetalt løn. Men vi har fått ei ordning på det gjennom dialog med det som er att av leiing i selskapet, og ved at vi sjølve er innstilte på å ta ein kostnad, om det skulle vere naudsynt, seier Klakegg.

Miljøverkets ansvar

– Det er vårt ansvar å ha kontinuerleg drift i boshentinga. Det vil ikkje vere bra om vi får fleire dagars stogg, seier Klakegg.

Trass i at det i dag er uvisst korleis situasjonen blir frå neste veke, er styreleiaren i SUM optimist:

– Fornufta tilseier at køyringa for SUM vil halde fram, sidan denne køyringa er ein del av Reno Norden som faktisk tener pengar. Så får vi sjå om løysinga t.d. blir i form av ein leasingavtale og at vi tek over lønsansvaret, seier han.

Dagleg leiar Henning Tjørhom seier at den vidare løysinga blir avhengig av kva bustyret bestemmer.

– Bustyret står fritt til å gjere det dei vil, når som helst. Selskapet har mange avdelingar som tener pengar og som kan seljast, og denne jobben går dei nok i gang med no. Den informasjonen vi har fått, har vi fått via Reno Norden, og vi har så langt ikkje greidd å kome i kontakt med bustyret. Det må vi få gjort etter kvart. Men ut frå det eg kjenner til, blir det inga forandring for kundane våre dei første dagane, seier Henning Tjørhom.

Råka 150 kommunar

Reno Norden slo seg sjølv konkurs måndag, og kunngjorde dette gjennom ei børsmelding. Ifølgje NRK varsla firmaet i førre månad at dei hadde store økonomiske problem, med nye moglege tap, ulønsame kontraktar og eit akutt gjeldsproblem.

Konkursen måndag var eit faktum etter at DNB og Den Danske Bank ikkje ville låne selskapet meir pengar. Konkursen har skapt problem i 150 norske kommunar. 24 av desse ligg i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags