Boset blir henta – i alle fall i dag

BLIR HENTA: Sette du ut bosdunken din i dag, så blir den i alle fall henta, seier styreleiar i SUM, Oddmund Klakegg.

BLIR HENTA: Sette du ut bosdunken din i dag, så blir den i alle fall henta, seier styreleiar i SUM, Oddmund Klakegg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

MILJØ: Sunnfjord Miljøverk ser situasjonen an frå dag til dag, etter at selskapet som hentar boset for dei gjekk konkurs i går.

DEL

– Beskjeden vi har fått frå leiinga lokalt, er at bilane går som normalt, i alle fall i dag, seier styreleiar i SUM, Oddmund Klakegg.

Reno Norden eig og driv alle bosbilane som hentar bos i heile Sunnfjord Miljøverk sitt nedslagsfelt. Måndag melde dei i ei børsmelding at selskapet er konkurs.

I august varsla firmaet at dei hadde store økonomiske problem, skriv NRK. Dei varsla om nye moglege tap, ulønsame kontraktar og eit akutt gjeldsproblem. Dei ulønsame kontraktane var inngått etter anbodsrundar i 2015 og 2016, og selskapet har ikkje klart å forhandle seg ut av dei.

Selskapets långjevarar, DNB og Den Danske Bank, har no gjort det klart at dei ikkje vil låne selskapet meir pengar. Dermed er konkursen eit faktum.

Som normalt – i dag

SUM kontakta tidleg tysdag morgon den lokale leiinga i Reno Norden, og fekk der til svar at dei har fått beskjed om at bilane skal gå som normalt i dag.

– Vi gjorde jo nokre undersøkingar då denne problematikken vart kjent tidlegare i år, og då fekk vi til svar at vi var i den delen av deira portefølje der ein faktisk tente pengar. Så vi har ganske god tru på at eventuelle nye eigarar som overtek desse bilane og dei som jobbar på bilane, vil vidareføre dei delar av selskapet som går med overskot, seier Oddmund Klakegg.

– I dag, ja. Men kor lenge veit ein at dei går som normalt?

– Det er vanskeleg å seie kor fort det kjem ei løysing på plass, men det er klart at kreditorane vil vere opptatt av at dei delane som tener pengar skal drivast vidare utan avbrekk.

– Er dette ei sak for direktoratet for sivil beredskap?

– Finn ein ikkje ei løysing over tid, så kan det blir ein slik situasjon. Men eg har god tru på at der dei vil fortsette å køyre ruter som tener pengar kvar dag.

SUM overta drifta?

– Kunne SUM tenkast å ville overta verksemda, og drive bilane sjølve?

– Det å drive bilane sjølve er ikkje ein strategi vi har diskutert dei seinaste åra. Det er jo enkelte renovatørar som gjer det, men det er ikkje mange stader dei gjer det lenger.

– Kva gjer SUM i dag for å skaffe oversikt?

– Det er jo eit rimeleg stort selskap som har gått over ende. Dette er ein av dei store konkursane. Det blir interessant å sjå kva som kjem ut frå kreditorane i dag. Men det er no eit godt signal når dei vel å køyre bilane sine vidare i dag, at det ikkje er bråstopp.

Artikkeltags