Følg møtet i fellesnemnda for Sunnfjord kommune live

POLITIKK: Onsdag er det møte i fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune. Sendinga kan du følgje her på Firda.no.

DEL

Møtet byrja 10.00 og vil vare fram til 15.00.

Det blir strøyma frå fellesnemnd-møtet og sendinga kan du følgje live i videovindauget øvst i saka. PS! Du kan velje kva kameravinkel du vil sjå møtet frå.

Møtet starta med orienteringar om status i oppvekstnettverket, PPT og reglement for SFO ved Helge Sæterdal.

Vidare skal Ole John Østenstad orientere om status i arbeidet.

På møtet skal det også behandlast delegeringsreglement for kvar politiske og administrative saker skal behandlast, samt at ein skal ta stilling til dei fire kommunane sine budsjett for 2019, der Østenstad har kalla Jølster sine kutt urealistiske.

Her kan du sjå sakslista for møtet.

Artikkeltags