Feil på 200 straummålarar

FEIL: Tony André Kiil var prosjektleiar i Sunnfjord Energi for prosjektet «Smart Straum». No viser det seg at mange av målarane Sunnfjord Energi fekk levert ikkje virkar som dei skal.

FEIL: Tony André Kiil var prosjektleiar i Sunnfjord Energi for prosjektet «Smart Straum». No viser det seg at mange av målarane Sunnfjord Energi fekk levert ikkje virkar som dei skal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KRAFT: Rundt 200 av dei nye, automatiske straummålarane sender ikkje inn signal til Sunnfjord Energi.

DEL

Problema skuldast feil i kommunikasjonsmodulen i målaren som brukar mobilt breiband (MBB).

– Det er ikkje sikkert kundane som er ramma, veit om det, seier nettsjef Arild Fleten ved Sunnfjord Energi.

Feilen går ut på at målarane ikkje sender inn data om straumforbruket time for time til Sunnfjord energi. Det var nettopp denne timevise rapporteringa som var vitsen, då NVE vedtok at automatiske straummålarar skal innførast hos alle straumkundar inn 1. januar neste år.

Må skifte ein del

NRK melde i førre veke at kring 10.000 av BKK sine 70.000 straummålarar ikkje fungerer som dei skal. No viser det seg at dei same feila går att på målarane Sunnfjord Energi sine kundar har fått installert.

– Vi har kjøpt inn dei same målarane som dei, så problemet finst her og, ja, seier Fleten:

– Feilen er kjent, og i mange tilfelle retta, men vi har framleis ein del målarar der vi må heim til kunden og skifte ein kommunikasjonsmodul eller oppgradere programvara i målaren.

– Korleis veit eg om min målar er i orden?

– Det kan du gå inn på «Mi side» på våre nettsider og finne ut. Elles vil dei kundane det gjeld, få ein sms om at dei må lese av målarstanden og rapportere inn til oss, slik som ein gjorde med dei gamle målarane, seier Fleten.

På gamlemåten

– Men korleis veit eg at eg i så fall betaler rett pris, når de ikkje veit når eg brukte straum?

– Dette påverkar ikkje målarverdiane. Desse vert samla inn av målaren uansett. Det påverkar berre måten vi får inn målarstanden på. Vi må gjere det på gamlemåten til vi får retta problemet, i staden for å få dei inn automatisk slik hensikta med dei dei nye målarane er.

Målarane sender inn data for straumforbruk, time for time, via mobilt breiband. Feilen som oppstår er at dei misser kontakt med basestasjonen. Målaren sender ut signal, men dei kjem ikkje fram. Dermed går målaren i sove-modus, og ein kan ikkje nå fram til dei via fjernstyring.

Dei målarane som har feil, vil ikkje bli skifta med det aller første, seier Fleten:

– Det vil vi vente på til vi har blitt einige med leverandøren om kven som skal gjere det.

Artikkeltags