– Jenta fekk ikkje naudsynt helsehjelp trass i innstendig bøn frå biologiske foreldre og advokaten deira.

Det seier Louis Anda til Sogn Avis, som først omtala saka.

Anda representerer den avlidne jenta sine foreldre, og har meldt saka på vegner av foreldra.

Han meiner tilhøvet er svært alvorleg i lys av at dei oppfordringane som dei biologiske foreldra gav om å mønstre helsehjelp for den fosterplasserte jenta.

– Dette er særs alvorleg, seier Anda til Sogn Avis, og påpeikar også at fosterheimskommunen sin fastlege og fosterheimen er meldt.

Dødsårsak ikkje fastslått

Jenta budde opphavleg ein stad i Sogn, men budde i ein fosterheim i Sunnfjord då ho døydde. Dødsfallet skal ifølge Sogn Avis ha skjedd 4. februar. Politiet kravde obduksjon, og den førebelse konklusjonen har styrka alvoret i saka.

Ifølge jentas biologiske foreldre, hadde jenta ein sjukdom, skriv VG. Lensmannen seier at den førebelse obduksjonsrapporten ikkje syner ein tydeleg dødsårsak.

– Den seier at sjukdommen kan vere ei årsak, men det må ikkje vere det. Dødsårsaka er ikkje endeleg fastslått, det vil kome ein endeleg konklusjon seinare, seier lensmannen i den aktuelle kommunen.

Fosterforeldra har ifølgje lensmannen ikkje fått utnemnt ein forsvarar enno.

Kontakta barnevernet

Til VG seier advokat Luis Anda at foreldra til jenta hadde kontakta barnevernet, fordi dei var redde for at ho ikkje fekk medisinane ho skulle ha. Etter å ha blitt kontakta av foreldra til jenta, skal Anda sjølv ha kontakta barnevernet.

Han har no meldt barnevernet til politiet.

– Eg meiner at barnevernet kan lastast for å ha opptredd uaktsamt, seier Anda.