Kristen Gislefoss: – De har vore heldige så langt i dag. Men det snur i kveld

VÅTT: Det vil regne mykje dei kommande døgnet. Vi kan vente oss mellom 70 og 80 millimeter nedbør.

VÅTT: Det vil regne mykje dei kommande døgnet. Vi kan vente oss mellom 70 og 80 millimeter nedbør. Foto:

Søndag har vore ein bra dag i Sunnfjord, reint vêrmessig. Men det går over.

DEL

– De får rikeleg med vind og nedbør dei kommande døgna, slår Gislefoss fast.

Han seier at Sunnfjord-området har vore heldige søndag. Byene har gått sør for oss, og nord for oss.

– Men i kveld er det slutt på hellet. I femtida søndag vil nok dei første byene komme. Utover kvelden går det over til jamt regn. Og det vil i tillegg blåse stiv kuling, seier Gislefoss.

Slutt på byene. No skal det regne jamt

– Det er ikkje sendt ut farevarsel for nedbør, sjølv om de må rekne med mellom 70 og 80 millimeter på eitt døgn. Årsaka til det er nok at det kjem til å regne jamt, seier Gislefoss.

– Så det er slutt på byene?

– Ja. Heile måndag, og store delar av tysdag blir det ikkje byer. Det blir regn heile tida, seier Gislefoss.

Det er sendt ut gult farevarsel for jordskred, og raudt farevarsel for snøskred.

– Snøskredvarselet gjeld indre delar av fjordane. I ytre delar er det ikkje noko snø å snakke om.

– Så folk bør stå over skiturar kommande døgn?

– Ja, heilt klart. Men det vil uansett ikkje vere freistande å gå ut. I tillegg til nedbøren, som vil komme som regn heilt opp i 1200 meter måndag, så vil det blåse godt, seier Gislefoss.

Det er venta mellom 6 og 7 grader i Førde måndag. Heilt ute på kysten vil det bli endå eit par grader varmare.

Tysdag vil det bli litt kaldare igjen, for då snur vinden på nordvest. Då er det venta snø ned mot 300–400 meter.

Ein liten pause

– Visst du ser framover. Et det noko lyspunkt?

– Tja. Midt på dagen onsdag vert det ikkje så verst. Då blir det ein liten pause mellom to lågtrykk. Kanskje blir det også litt sol, om de er heldige. Men onsdag kveld kjem eit nytt lågtrykk innover. Også då med mykje vind og regn, seier Gislefoss.

– Og vidare framover då?

– Det kjem seg litt fram mot helga. Færre byer fredag. Men laurdag kjem det på nytt eit lågtrykk. Dessverre ser det ut som dette vil halde fram ei stund framover, seier Gislefoss.

– Skal det aldri snu?

– Det snur nok. Men ikkje så langt eg kan sjå i vêrmeldingane framover.

Artikkeltags