Teken for promillekøyring to gonger – må punge ut med 100.000 kroner

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Mannen frå Sunnfjord misser også lappen i 12 månader.

DEL

Ei klekkeleg bot ventar ein mann i 50-åra frå Sunnfjord, etter at han vart teken for promillekøyring på hausten i 2017.

Ein blodprøve teken av politiet på kvelden synte ein promille på 1,04. Det kjem fram i dommen som nyleg vart avsagt i Sogn og Fjordane tingrett.

Sunnfjordingen må ut med 100.000 kroner i bot, etter promillekøyringa. Straffeutmålinga vart vidare strengare, ettersom mannen også tidlegare er teken for promillekøyring. Dette var i 2015, og mannen vart då pålagt eit førelegg for å ha køyrt med ei promille på 0,38.

Etter den nye promillekøyringa vart mannen i Sogn og Fjordane tingrett idømt ei fengselsstraff på 18 dagar. Desse må han sone om han gjer nye lovbrot innan prøvetida som er sett til to år.

I tillegg til bota idømde tingretten mannen eit tap av førarretten i 12 månader. For å få tilbake lappen, må han avlegge ny førarprøve.

Artikkeltags