Atle Hamar har stor tru på at han blir ordførar. Høyr han i denne podkasten

«Venstre har mange ordførar trass i at vi ikkje er det største partiet» seier, Atle Hamar (V) i denne podkasten. Han har stor tru på at han blir den første ordføraren i Sunnfjord kommune.

DEL

I dagane før valet har ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, invitert sentrale politikarar til vårt podkaststudio. Først ute er den politiske ringreven Atle Hamar. Jølstringen, som no er statssekretær i miljødepartementet, har aldri nokosinne vore ordførar. Og han legg ikkje skjul på at han brenn etter å ta på seg den første ordførarkjeda i Sunnfjord nokosinne.

Men meiningsmålingane til Venstre er svake, og eitt av spørsmåla som blir stilt i denne podkasten er om Atle Hamar har god nok støtte i heimkommunen Jølster til å gjere eit godt val 9. september. Her får du også vite kva Sunnfjord Venstre tenkjer om kor mange skular kommunen skal ha den neste fireårsperioden. Klarer kommunen å oppretthalde alle skulane når budsjettkvardagen kjem? Atle Hamar er også klar på at miljøpartiet Venstre ikkje vil ha parkeringsavgift i Førde sentrum.

Artikkeltags