Sunnfjording er dømd til tre år og seks månader i fengsel for korrupsjon

TINGRETTEN: Ein næringslivsleiar frå Sunnfjord er dømd til tre og eit halvt år i fengsel. Ein annan næringslivstopp, også han med tilknyting til same Sunnfjord-bedrift, er dømd til to år i fengsel. Begge ankar.

DEL

Sør-Trøndelag tingrett har dømt fire menn til fengsel for korrupsjon. Den eine dommen er ein tilståingsdom, medan dei tre andre ikkje erkjende straffskuld.

To av dei dømde har tilknyting til ei bedrift i Sunnfjord. Ein av dei er heimehøyrande i Sunnfjord, medan den andre bur utanfor fylket.

Dommen er gjort kjend for dei dømde, men er ikkje formelt forkynt og heller ikkje rettskraftig. Dei dømde har 14 dagar på seg til å anke dommen etter han er forkynt.

– Klienten min vil anke dommen med krav om full frifinning, sier Bjarte Grønlien. Han er sunnfjordningen sin forsvarar.

Også den andre mannen med tilknyting til Sunnfjord vil anke. Det seier forsvarar Arild Christian Dyngeland.

Mannen som er dømd for å motta mutingar er også dømd. Firda har ikkje fått kontakt med forsvarar hans.

Skal ha kjøpt seg fordelar

Dei to med tilknyting til Sunnfjord er dømde for å på ulike måtar betale ein bedriftsleiar i eit stort selskap for motytingar. Ifølge tiltalen skal dei to mennene ha overført pengar og andre verdiar på ulike måtar, og gjennom sju selskap dei er involverte i. Det er snakk om kontantar, tenester og andre fordelar.

Sunnfjordingen var tiltalt for det største beløpet av dei to. Påtalemakta meiner han åleine skal ha bestukke med verdiar for over to millionar kroner. Verdiane var overførte i eit langt tidsrom, frå 2004 til 2015. I dommen er han frikjend for eitt av tilfella, men denne delen av tiltalen utgjer ikkje store beløp.

Sunnfjordingen er dømd til tre år og seks månader i fengsel av Sør-Trøndelag tingrett. I tillegg må han tole inndraging av 75.000 euro av utbytet frå handlinga. Det svarar til kring 734.000 kroner med dagens kurs. Mannen må også betale sakskostnader til staten på 50.000 kroner.

Den andre mannen er dømd til to år i fengsel. Også han må betale 50.000 kroner i sakskostnader.

Utnytta stillinga si

Mottakaren av mutingane, ein tidlegare bedriftsleiar i eit selskap som sunnfjordselskapet er leverandør til, er dømd for fem tilfelle av grov korrupsjon i perioden 2003-2015.

Han har ifølge tingretten mottatt vel 2,5 millioner kroner fra ulike leverandørar. Han var på tiltalebenken i same rettssak og vart dømd til fire år i fengsel, samt inndraging av eit utbyte på 1.500.000 kroner.

At mottakaren av bestikkelsane får den strengaste straffa, har retten grunngitt med storleiken på beløpa. Handlingane er tilsvarande alvorlege for alle saman.

Alle dei tre som no har fått dom nekta straffskuld då rettssaka gjekk. Frå før er ein fjerde mann dømt i ei tilståingssak. Han fekk elleve månader fengsel for eit noko mindre beløp enn det dei to andre var tiltalte og no dømde for.

Aktor: – Streng men rett straff

Sunnfjordingen er ifølge dommen dømd for to tilfelle av grov korrupsjon, eitt tilfelle av grov økonomisk utruskap og eitt tilfelle av grov kvitvasking, omtalt av retten som «sjølvvask».

Han vart dømd for alle tilfella i tiltalen sett bort frå eitt, og med eit noko lågare beløp enn det som var det samla grunnlaget i tiltalen.

Retten har komme fram til at han skal domfellast for å ha gjeve utilbørlege fordelar som svarar til 1.588.029 kroner under tiltalepostane for korrupsjon. I tillegg blir han dømd for økonomisk utruskap for 75.000 euro (vel 734.000 kroner).

Aktor bad om fire år i fengsel for sunnfjordingen, men seier seg nøgd med tre år og seks månader:

– Vi er nøgde med at retten har lagt til grunn vår bevisvurdering, og har komme til at dei tre blir å domfelle etter tiltalen med eitt unntak. Straffa er streng ut frå dei beløpa retten har lagt til grunn, men korrupsjon er svært samfunnsskadeleg. Det er det straffa speglar, seier Elisabeth Harbo-Lervik og viser til retten si vurdering av kor aktiv sunnfjordingen var i korrupsjonshandlingane.

Mottakaren er tiltalt 1, sunnfjordingen er tiltalt 2 og den tredje dømde mannen er tiltalt 3.

«Selv om retten ... har funnet å legge vekt på at [tiltalt nr. 1] har opptrådt svært pågående i forhold til [tiltalt nr. 2], [tiltalt nr. 3] og [sunnfjordselskapa], er retten samtidig ikke i tvil om at også [tiltalt nr. 2] har spilt en både svært viktig og aktiv rolle i de korrupsjonshandlingene som involverer [tiltalt nr. 1] på den ene siden, og [sunnfjordselskapa], inkludert [tiltalt nr. 2] og [tiltalt nr. 3] på den andre siden. Dette kommer ikke minst til uttrykk i eposten som [tiltalt nr. 2] sendte [tiltalt nr. 3] den 17. desember 2004, samt av den interne epostutvekslingen mellom [tiltalt nr. 2] og [tiltalt nr. 3] 14.–15. april 2010, i forbindelse med «oppgjøret» mellom de to forut for at de delte selskapene.»

Retten: – Handla planmessig, systematisk og kynisk

Retten meiner vidare det er straffskjerpande at sunnfjordingen handla «planmessig, ved at det i samarbeid med de andre tiltalte ble planlagt, etablert og gjennomført ordninger som medførte en jevnlig overføring av private, utilbørlige fordeler til [tiltalt nr. 1] mot at han bidro til å sikre lukrative kontrakter for [sunnfjordselskapa] og selskap eigd av [tiltalt nr. 2]».

Sunnfjordingen skal også ha handla «systematisk ved at han kynisk har utnyttet [tiltalt nr. 1] sin posisjon ... til å skaffe seg/opprettholde slike viktige kontrakter for sine selskaper. Han har videre opptrådt tilsvarende systematisk i forhold til å etablere ordninger for å forsøke å skjule bestikkelsene.»

Sunnfjordingen er i tillegg til korrupsjon dømd for økonomisk utruskap, noko som ifølge tingretten i seg sjølv kvalifiserer vilkårslaus fengselsstraff.

– Retten har gjort ein grundig jobb, og har vurdert dei bevisa som vart presentert både frå forsvar og aktorat under dei åtte vekene som hovudforhandlinga varte. Det er ein god og solid dom, seier Harbo-Lervik.

Artikkeltags