Torsheim prisar våren i Sunnfjord: – Fossegrimen spelar Heilefjells-rock

KULISSE: Heilefjellet på sørsida av Førdefjorden ruvar 1304 meter over havet. Bildet er teke seint om kvelden 17. mai.

KULISSE: Heilefjellet på sørsida av Førdefjorden ruvar 1304 meter over havet. Bildet er teke seint om kvelden 17. mai. Foto:

– Kom Mari du skjøne milde, syng Oddvar Torsheim (80) og lovprisar våren i Sunnfjord.

DEL

Kunstnaren har bytt ut mai med Mari, men teksten «Vår-remse» er ei vakker hylling til våren her.

Akkurat slik du kan sjå han no.

Grønfargen dansar amok

Under oppveksten i Naustdal hadde Torsheim utsikt frå glaset heime mot det mektige Heilefjellet på sørsida av Førdefjorden, og inntrykka derifrå har han både måla og sunge om.


Der oppe ligg Heilefjells-fonna,

så fin som ei jomfru-brur

Og popstjerna Madonna (Torsheim er fascinert av stjerner og kjendisar) får sjølvsagt klar melding om at ho må ta seg ein tur til Sunnfjord.

Ho har ikkje vore i Sunnfjord,

når grønfargen dansar amok,

ho har ikkje sett fossegrimen

spele sin «Heilefjells-rock» !

(heile teksten til slutt i artikkelen)

Berre Vestlandet og Irland

– Heilefjellet er ei fin kulisse. Eit fantastisk landskap, seier Torsheim.

Han er glad i våren og grønfargen som går amok og målar byen grøn.

– Det er berre Vestlandet og Irland som har det slik. Vi er heldige som har eit skikkeleg overrislingsanlegg her. Vi skal vere glade for regnet, seier sunnfjordingen som er i sitt 81. år.

REGN: Oddvar Torsheim (80) vart svidd i sjela i fjor sommar. No ønskjer han seg meir regn.

REGN: Oddvar Torsheim (80) vart svidd i sjela i fjor sommar. No ønskjer han seg meir regn. Foto:

Håper på våtare sommar

Han håper på ein våtare sommar enn i fjor. Då var her like heitt som i Portugal, og varmen stod som ein ugjennomtrengeleg vegg, skildrar han.

– Vegkantane vart svidde, og eg vart litt slik i sjela òg, melder Torsheim frå Bergen.

Han er i Bergen for å stresse ned og ta sats mot neste prosjekt, ei ny bok med tekstar, notat og skisser som kjem ut på Skald forlag seinare i år.



Artikkeltags