Fem lettente kroner

Håkon Grepstad trur ordninga vil bidra til auka miljøengasjement.

Håkon Grepstad trur ordninga vil bidra til auka miljøengasjement. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fram til i dag har dei gått i søpla, men no kan dei gamle utslitne tannkostane få nytt liv og du kan fylle lommeboka.

DEL

Frå og med i dag kan du få ein femmar i pant på tannkosten din. Førebels skal ein levere tannkostar i kassa på butikken, men etter kvart vil det òg komme eigne panteautomatar.

Plasten er unik

Plasten frå kostane har ein spesiell struktur som egnar seg særs godt som produksjonsmateriale i 3D-prentarar. Ordninga vil og redusere mengda plastavfall og bli ein del av Det grøne skiftet.

– Det er i fyrste omgang ei prøveordning, men om tiltaket viser seg å ha positiv miljøeffekt vil ho bli permanent, seier Håkon Grepstad som er dagleg leiar ved Sunnfjord Miljøverk.

Etterlengta ordning

Grepstad fortel at renovasjonsbransjen i lang tid har arbeidd med å få i stand ei slik ordning.

– Dette har vore ein kjepphest for oss i lang tid. Vi må hugse på at nordmenn brukar millionar av tannkostar kvart år. At vi no kan gi den unike plasten i kostane nytt liv er heilt framifrå, seier han.

Likevel er ikkje ordninga berre positiv.

– Mange har amalgam i tennene. Det er ei miljøgift og dersom det viser seg at dei brukte tannkostane har absorbert partiklar av dette kan heile tiltaket virke mot si hensikt. Det siste vi vil er å skape eit amalgam-problem, seier Grepstad.

Artikkeltags