Linjene heng til bakken og er merka med «livsfare» etter flaumen. Sunnfjord Energi: – Er ikkje farlege

HØGSPENNING: Trass i merkinga, er det ikkje livsfarleg å gå langs denne vegen på Tefre i Førde, forsikrar Sunnfjord Energi.

HØGSPENNING: Trass i merkinga, er det ikkje livsfarleg å gå langs denne vegen på Tefre i Førde, forsikrar Sunnfjord Energi. Foto:

Linjene er fråkobla etter ein midlertidig reparasjon, og kraftselskapet har gjort mange liknande jobbar for å sikre at folk i Sunnfjord skulle få straumen tilbake.

DEL

Tysdagens uvêr gjorde seg mest synleg i Jølster og Hyen, men også Tefre i Førde fekk oppleve kreftene i store vassmassar.

Ei av høgspentlinjene er rivne ned, og området miste naturleg nok straumen etter dette.

Etter at reparasjonsarbeidet vart gjort, og straumen var tilbake, heng framleis linjene ned mot bakken, og det er i vegkanten sett opp skilt merka med «Høgspenning livsfare».

Er trygt

Stein Valvik, overordna vakt hos Sunnfjord energi for helga, fortel at området er trygt.

– Linjene som hang i lufta, dei er fråkopla. Det er ikkje spenning på dei. Dei er altså ikkje farlege, men ein skal heller ikkje bort å ta på dei, seier han.

Valvik fortel at Sunnfjord Energi prioriterte å først sikre at straumen kom tilbake. Det har dei ordna med å kople saman stolpane midlertidig med kablar langs bakken.

Forskriftsmessig kan kablane ligge slik i tre månader, men vi kjem til å fikse luftkablane ganske fort, seier han, og trur at det truleg blir teke frå måndagen av.

Mykje å gjere

Det blir langt frå den einaste jobben kraftselskapet må ta tak i ved vekestart. Det er nemleg mange liknande jobbar som ventar, og naturleg nok er mange av jobbane i Jølster.

– I Jølster ligg det ganke mykje, og det er gjort mange midlertidige reparasjonar. Men arbeidet er gjort slik at alle har fått att straumen. Det gir oss tid til å planlegge arbeidet, seier Valvik.

Men sjølv om dei kan planlegge, blir det unekteleg ei travel veke.

– Det har vore ein stor innsats. Vi fekk også folk som avslutta ferien sin tidlegare for å hjelpe til. Men til veka skal vi også vere fleire tilbake, seier Valvik.

Artikkeltags