Firda satsar på ein digital sommar

DIGITAL SATSING: – Vi jobbar kontinuerleg for å styrke det digitale tilbodet til lesarane våre, seier Kai Aage Perdersen, ansvarleg redaktør i Firda Media AS.

DIGITAL SATSING: – Vi jobbar kontinuerleg for å styrke det digitale tilbodet til lesarane våre, seier Kai Aage Perdersen, ansvarleg redaktør i Firda Media AS. Foto:

Redaktøren i Firda er godt nøgd med årets sommarvikarar og har tru på det blir mange bra saker å lese i avisa i sommar - både på papir og nett.

DEL

– I år har vi ein flott gjeng med sommarvikarar, alle med lokal tilknyting. Dei har allereie kome godt i gang med å ta pulsen på lokalmiljøet. Eg har stor tru på at sommaren i Firda skal bli god for lesarane våre, seier ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, og legg til:

– Vi skal servere nyheiter, vere tett på det som skjer og vi skal underhalde, medan sola forhåpentlegvis skin over Sunnfjord.

Frå og med 1. juli og fram til 12. august, går Firda frå seks til fire papiraviser i veka. I desse vekene kjem ikkje måndag- og onsdagsutgåva ut.

Sidan e-avisa er ein PDF som blir laga som ein kopi av papiravisa, kjem det heller ikkje e-avis måndagar og onsdagar. Nettavisa, Firda.no, vert oppdatert som normalt med artiklar frå tidleg morgon til seint på kveld.

Styrkar det digitale

Grunnen til at det blir to aviser mindre i veka, er fordi Firda jobbar mot å styrke det digitale tilbodet til lesarane.

– Vi veit at dette er noko abonnementane våre set pris på. Mange er på farten i sommarmånadane, og dei kan få oppdatere seg på kva som skjer heime på mobil og nett. Frå klokka seks om morgonen til seint på kveld, publiserer vi kvar dag 20 saker på nett, seier Pedersen.

Færre, men fyldigare

Redaktøren forsikrar at dette ikkje skal gå utover tilbodet til lesarane.

– I sommar skal vi gi ut fyldigare aviser. Sjølv om det vert færre utgåver, vil det totale tilbodet til Firda-lesarane vere det same som i dag.

Han oppfordrar lesarar å ta kontakt om dei treng hjelp med sitt digitale abonnement.

Artikkeltags