Hadde rifle og avsaga hagle utan løyve – måtte ut med 5000 kroner

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: No er også begge våpena inndregne av politiet.

DEL

Politiet fann to våpen utan våpenkort heime hos mannen i 30-åra frå Sunnfjord, som i Sogn og Fjordane tingrett no er dømd for brot på våpenlova og våpenforskrifta.

Dei to våpena var ei eldre rifle i kaliber 6.5x55mm, samt ei hagle i kaliber 20/76.

I tillegg til å ikkje ha våpenkort for desse to våpena, hadde mannen også oppbevart dei uforsvarleg, då dei ikkje var plassert i låsbart våpenskap.

Avsaga hagle

Retten fann det også skjerpande for dommen at løpet på hagla var saga over, noko som fell under ulovleg endring av skytevåpen. For retten hadde då den avsaga hagla ikkje lenger noko lovleg bruksføremål, og dei påpeika at den også fekk eit betydeleg skadepotensial.

Mannen oppgav at grunnen til at hagla var saga over til at han ville bruke den til å skyte på leirduer. Dette for å sjå effekten av kortare løp, og han meinte han ikkje skulle bruke hagla til noko anna enn dette.

I formildande retning i dommen la retten til grunn at mannen tilstod forholda.

Sjølv om dei ikkje var forsvarleg lagra, var våpena oppbevart i våpenkoffert, noko som retten påpeika at minska risikoen for at uvedkommande kunne få tilgang til våpena.

Fengsel på vilkår

Den no dømde mannen vart av retten vurdert som våpenkunnig, og han hadde fleire lovleg registrerte våpen. Han oppgav passivitet som grunnen til at dei to aktuelle våpena ikkje var lovleg registrerte.

To tilfelle av brot på våpenlova og eitt brot på våpenforskrifta gjorde at mannen vart dømt til ei fengselsstraff på 30 dagar på vilkår. Straffa vart sett med ei prøvetid på to år.

Vidare vart han dømt til ei bot på 5000 kroner, samt at begge våpena vart inndregne.

Artikkeltags