Brann i gravemaskin på Moskog

DEL

Klokka 22.40 onsdag kveld blei det meldt om brann i ei gravemaskin ved kraftverket på Moskog like utanfor Førde.

Gravemaskina stod inne i ein anleggstunnel. Det var fire personar inne i tunnelen, men alle kom seg ut.

– Det er ikkje meldt om personskade. Men det brann godt i den maskina, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Artikkeltags