Kan ikkje avhøyrast – seks veker etter ulykka

ULYKKESSTADEN: 28- åringen jobba ved denne staden då ulykka skjedde to km vest for togstasjonen på Hallingskeid i Ulvik kommune.

ULYKKESSTADEN: 28- åringen jobba ved denne staden då ulykka skjedde to km vest for togstasjonen på Hallingskeid i Ulvik kommune. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

28-åring fekk 16.000 volt gjennom kroppen. Sjukehuset seier at han framleis ikkje kan avhøyrast «på nokre veker enno».

DEL

Ein 28-åring frå Sunnfjord fekk straum gjennom kroppen frå ein leidning som førte straum med ei spenning på 16.000 volt ved ei arbeidsulykke 27. juli i år.

28-åringen jobbar for Mesta, som gjorde ein jobb for Bane NOR på jernbanestasjonen på Hallingskeid på Bergensbanen då ulykka skjedde. Han jobba med ein høgspentleidning som gir straum til toga på bana.

Framleis hardt skadd

Politiet fekk melding om hendinga klokka 05.29 og mannen var kritisk skadd då han blei frakta til Haukeland universitetssjukehus. Seinare same dag omtalte Helse Bergen tilstanden som alvorleg.

Politiet på Voss etterforskar ulykka, men har førebels ikkje fått avhøyrt 28-åringen, fordi han er så hardt skadd.

Politiførstebetjent Håvard Skattum ved Voss lensmannskontor seier at dei har vore i kontakt med sjukehuset, som meiner at han ikkje er i stand til å gå gjennom eit avhøyr på nokre veker enno.

Visste at straumen var på

Etterforskinga så langt har avdekt at ulykka skjedde under uvande arbeidstilhøve, seier Skattum:

– Det viser seg at dei er vant til å jobbe med at all straum er avslått. Av ein eller annan grunn var straumen denne dagen på. Det visste dei, men likevel fortsette dei å jobbe. Vi prøver no å finne ut kven som bestemte at arbeidet skulle fortsette, om særskilde tiltak i slike situasjonar skal settast i verk, og om slike tiltak faktisk vart sett i verk.

Artikkeltags