Avsporing frå SFE og Rauboti

Av
DEL

MeiningarDet tener ikkje verken innbyggjarar eller verksemder i Sunnfjord at konsernsjefen i SFE mistenkjeleggjer BKK og sine naboar i sør.  Det er ikkje enkelt å forstå kvifor Rauboti er så oppsett på å brenne bruer, og å snakke ned sin nest største eigar i ei sak som er strategisk viktig for så mange.

BKK og Sunnfjord Energi (SE) er no i konstruktive samtalar om korleis vi saman kan styrke felles satsing i Sunnfjord. SE har sterke og framoverlente kompetansemiljø som vil få ansvar for viktige satsingar ved ei evt. samanslåing. Kompetansemiljø vi kjenner godt og som har løfta fram gode prosjekt over tid. Prosjekt som Enivest, ei sterk lokal merkevare og ein viktig regional aktør som vil få same utviklingsmoglegheit, lokalisering og leiing som i dag.

Vi  er trygge på at vi skal leggje fram planar som kjem til å være positive for eigarar, tilsette og kundar. Planar som vil gje nye arbeidsplassar, og styrke kompetansemiljøet i SE. Dette er vesentleg betre og meir spennande enn ein fusjon med SFE der strategien er å realisere store og nødvendige kostnadssynergiar. Det er vanskeleg å sjå at kompetansemiljøet i Sunnfjord skal kome styrka ut av ein slik fusjon.

SFE ser nok at det betyr mykje for folk flest å kunne spare opp mot fem tusen kroner i året i nettleige, og at det betyr mykje for ei vanleg bedrift å kunne oppnå ei innsparing på nærmare hundre tusen kroner.

Det kan derfor godt tenkast at det spørsmålet SFE stiller seg om dagen er: Kva vil innbyggjarane i Florø då tenkje? Korleis skal SFE forklare den store forskjellen i nettleige til bedrifter i Bremanger? Korleis skal dei over tid forklare ein stor forskjell i direkteavkastning på eit eigarskap i BKK kontra SFE? I ei framtid der ein rekkje kommunar vil sitje på aksjar i begge selskap.

Det vil ikkje vere enkelt å forklare eigarar og kundar dette. Då er det til dømes enklare å repetere negative utsegner om utbygginga av Jølstra. Sjølv om ein veit at det er nettopp BKK som har den største eksponeringa i utbygginga av Jølstra, og at vi bidreg vesentleg med eigen kompetanse for at prosjektet skal lukkast.

SFE tviheld også på å skape falske forhåpningar om ei vesentleg utjamning av nettleiga. Dagens Næringsliv har vist kva nettleiga er hjå dei 101 nettselskapa i Norge i 2018. Det er berre 10 nettselskap i Noreg som har høgare nettleige enn det kundane i SFE har. BKK har samstundes ei av dei aller lågaste nettleigene i landet. Det viser at det er fullt mogleg også på Vestlandet å drive effektiv nettverksemd. Det viser også at ei storstilt utjamning av nettleiga heller ikkje er i BKK kundane si interesse.

Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) peikar på at kundane i Noreg betalar mange milliardar meir i nettleige enn det som er nødvendig. NVE direktøren forventar no at eigarkommunar slår saman fleire selskap for å oppnå betre drift. Dei har etter lange utgreiingar i 2010 og 2018 konkludert med at det ikkje er i kundane si interesse med utjamning av nettleiga, og fjerning av det viktigaste insentivet for effektiv drift. Derfor kjem det heller ikkje til å skje denne gongen. Eit nei til samanslåing med BKK er difor også eit nei til lågare nettleige for innbyggjarane i Sunnfjord.

Fakta er fakta, sjølv når ein skulle ønske seg andre tal. 100 kroner investert i BKK i perioden 2002-2018 har gjett eit utbytte på 93 kroner (direkteavkastning 5,5% årleg). Tilsvarande har 100 kroner investert i SFE gjett eit utbytte på 53 kroner (direkteavkastning på 3,2%). Avkastninga har altså vore 75% betre i BKK, til glede for eigarkommunar som eksempelvis Fedje, Høyanger og Gulen.

I tillegg til direkteavkastninga har sjølvsagt både BKK og SFE hatt ei verdistigning i same periode. Her er Rauboti sin påstand at SFE har hatt ei vesentleg betre verdiutvikling enn BKK i perioden. Det er ein så underleg påstand at Rauboti sjølv må vere den som gjer greie for tankegangen her. Våre analyser viser eit helt anna bilde.

Rauboti prøvar seg med ein parallell til bankkontoen. Kan Rauboti ha gløymt at når det gjeld saldo på ein bankkonto så er det også svært viktig kva som kjem inn på kontoen? Trur han til dømes at det å etablere eit selskap som Fjordkraft (2001) som i dag har ein marknadsverdi på 4 milliardar ikkje har betydning for verdiutviklinga til BKK?

BKK har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra og er godt posisjonert for framtida. Ambisjonen er å bli det leiande selskapet i Noreg på elektrifisering. Ein visjon vi gjerne ønsker å realisere saman med sterke kompetansemiljø i Sunnfjord.

Tida er inne for at miljøet i SFE og avisa Firda Tidend sluttar å demonisere Hordaland og BKK. Det gjer berre at selskapet og viktige miljø parkerer seg sjølv på sidelinja i det nye fylket. Det vil verken innbyggjarar eller næringslivet i den delen av Nordfjord vere tent med.

For å lukkast med å skape eit sterkt og attraktivt Vestland trengs det tettare samarbeid. Ei styrking av samarbeidet i aksen Bergen og Sunnfjord vil være svært viktig og fruktbart for begge partar. Ein av intensjonane med Vestland må vere å bygge ein sterkare region der vi samarbeider tettare for betre vilkår for næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar i heile det nye fylket.

Tida er inne for å byggje fleire bruer, og færre høge murar.

Artikkeltags