Nordea skal kutte 6000 arbeidsplassar. I Sunnfjord har dei tru på framgang

Rune Tonning er banksjef i Nordea i Sunnfjord. Bildet syner Nordea sitt kontor i Førde.

Rune Tonning er banksjef i Nordea i Sunnfjord. Bildet syner Nordea sitt kontor i Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: – Ting kan naturlegvis påverke oss, men det er ingenting som tyder på det no

DEL

– Vi er ein stor butikk, så vi kan ikkje garantere noko som helst, men vi har gode resultat her i Sunnfjord, seier Rune Tonning, som er banksjef i Nordea i Sunnfjord.

Han seier at dei i Sunnfjord køyrer på som normalt trass dårleg nytt frå øvre hald, og at dei har ei flott utvikling på sine to kontor i Førde og Florø. På desse kontora har dei til saman ni fast tilsette i kundeorienterte stillingar.

Kuttar 6000 stillingar for å sikre langsiktig konkurranseevne

Nordea melder no at dei skal kutte 6000 stillingar dei neste åra. Casper von Koskull, konsernsjef i Nordea, skriv at dei planlegg å redusere talet på medarbeidarar og konsulentar med minst 6000 tilsette. Av desse er 2000 innleigde konsulentar. Konsernsjefen grunngir kutta med at dei skal sikre langsiktig konkurranseevne. At banken har hatt ei kostbar satsing på blant anna teknologi og IT, skal vere nokre av grunnane til at dei langsiktige driftskostnadane til Nordea har auka, skriv media 24.

Auke godt over snittet

– Er de på kontora i Sunnfjord bekymra for utviklinga?

– Ein veit aldri kva som kan skje framover, men vi har ikkje fått noko signal om at det skal endre seg i Sunnfjord, seier Tonning.

Han seier at Sunnfjord har ein auke som er godt over snittet på landsbasis.

– Vi aukar veldig bra og er optimistiske. Vi har gode og nøgde kundar, og er ein solid gjeng som jobbar i Førde og Florø, seier han.

Tonning seier at veksten i utlån aukar mest, og at dei òg har ein auke i sparing. Hittil i år har auken i utlån vore på ti prosent.

Artikkeltags