No kan du nominere nokon du kjenner til tre ulike råd i Sunnfjord kommune

Ny lovgivning pliktar kommunen å ha både eit eldreråd, eit ungdomsråd og eit råd for personar med nedsett funksjonsevne.

DEL

På Sunnfjord kommune sine heimesider melder dei at ein no kan nominere personar til å sitje i diverse råd i kommunen. Dei tre råda ein kan nominere nokon til er Ungdomsrådet, Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Skal sikre påverknad frå underrepresenterte grupper

Ei endring som har kome med kommunesamanslåinga er at alle kommunar no er pliktige å ha desse råda. Viss ei sak blir tatt opp i kommunestyret som er relevant for eit av dei tre råda, skal den i tillegg leggast fram for det aktuelle rådet. Dei kan òg ta opp saker på eige initiativ.

På regjeringa sine nettsider står det at grunnen til at ein treng desse tre råda er fordi det ofte er få eldre, ungdomar, og personar med nedsett funksjonsevne i folkevalde organ som til dømes kommunestyret. Målet er at desse tre råda skal få ha ein innverknad på saker som gjeld deira målgruppe.

Frist 14. oktober

I Eldrerådet og Råd for personar med nedsett funksjonsevne skal det sitte sju medlemmer. I Ungdomsrådet skal det sitte 20 medlemmer, med representantar frå både ungdoms- og vidaregåande skule.

Fristen for å nominere nokon er måndag 14. oktober.

Artikkeltags